Vil Frp ha dødsulukker i Sognsvegen?

Fotografert av decafinata. Creative Commons-lisens. Navngivelse - Ikke-kommersiell - Del på samme vilkår, 2.0 Generisk

Skuleborn, turgjengarar og andre kryssar Sognsvegen på veg langs Ullevålsalleen med hjarta i halsen, melder Nordre Aker Budstikke 11. juni. Trass i dette ser Samferdsleetaten ingen grunn til å setja ned fartsgrensa frå 50 km/t, og får støtte frå byråd Jøran Kallmyr (Frp).

I ein rapport frå det svenske Vägverket går det fram berre 2 av 10 fotgjengarar som vert påkøyrde i 50 km/t overlever. Skjer kollisjonen derimot i 30 km/t overlever 9 av 10. Køyrer du i 30 km/t rekk du å unngå kollisjon med ein medtrafikant du oppdagar på 13 meters avstand – i 50 km/t rekk du ikkje ein gong å starta innbremsinga før kollisjonen er eit faktum!

Det er all grunn til å tru at lågare fartsgrense her vil redda liv i framtida. Er ikkje eit par minutt lenger reisetid for bilistar ein pris Frp er viljug til å betala?

Jarle Fagerheim
Sogn
Stortingskandidat for Miljøpartiet Dei Grøne