Kvar er liberalismen, Venstre? Kvar er nestekjærleiken, KrF?

Bystyrerepresentant Harald Nissen
Bystyrerepresentant Harald Nissen

I går vedtok Oslo bystyre ei endring av politivedtektene som vil gje politiet i hovudstaden utvida fullmakt til å fjerna folk som legg seg til å sova i sentrum. Med dette vedtaket ignorerer bystyret åtvaringar frå Brannvesenet som fryktar at folk trekk inn i tomme bygningar med manglande brannsikring og Kirkens Bymisjon som fryktar auka vald mot huslause som no blir feia ut av syne. Rina Mariann Hansen (Ap) opna likevel debatten med å omtala forslaget som «intuitivt og riktig».

Saman med SV og Raudt, utgjorde Harald Nissen frå MDG mindretalet som røysta mot forslaget.

Høgre la stor vekt på at heimlause, eller «campere» som Trine Nicolaysen Dahl kalla dei, gjer i frå seg rundt om i byen. Paradoksalt nok har Høgre også tidlegare gått imot opprettinga av toalett for folk som held til på gata. Denne saka kjem sjølvsagt som ei forlenging av debatten om rom-folk og
tiggarar i Oslo. Endringa vil likevel ramma mange fleire. Mange av dei svakaste i samfunnet har av ulike grunnar ikkje tak over hovudet i dag. Rusmisbrukarar, psykisk sjuke og andre vil no oppleva ei endå større grad av utstøtting.

Det er straks 17. mai og tid for å feira Grunnlova. Lova som vart vedteken på Eidsvoll i 1814 var, etter standarden på den tida, særs progressiv. Likevel har det vore naudsynt å gjera ein del justeringar sidan den gong. Miljøpartiet Dei Grøne sitt mål er eit menneskevennleg samfunn i økologisk balanse, der alle menneske er likeverdige og mangfald vert framelska. I går tok derimot hovudstaden sine tillitsvalde eit stort steg i feil retning.

God 17. mai!